OM STORHOLMEN

På Storholmen bestemmer du tempoet selv - enten du vil fiske, gå tur eller bare finne roen. Her er et fint turterreng med storstilt natur. Det er gode fiskemuligheter, sommer som vinter.

Hisorie om Storholmen

Fra Segn og Soge - Tidskrift for Sande Sogelag (nr. 15 1991)

(Artikkelen om Storholmen var skriven i 1974. I vedlagt brev seier Krohn Brekke at det mest er som ein kladd å rekne og ber om at det blir omskrive etter behov. Men det er i all hovedsak gjengitt slik det kom frå Brekkes hand. Han døydde 9. mai 1976.)

Når eldre folk i dag fer forbi Storholmen ein fin sommarkveld på veg ut mellom holmane for om mogeleg å få seg kokefisk, er det med eit visst vemod ein tenkjer tilbake på kva liv og rørsle der var i deira ungdom. I dag står dei mange husa tome og minner om det som ein gong var.

Den gamle handelsstaden Storholmen er ein mellom mange langs kysten som måtte lide lagnadsdøden til fordel for lettare levevilkår. Ja, vilkåra i så måte er nok lettare, men om vi av den grunn er eit lukkelegare folk, kan det vere to meiningar om.

I 1880 fekk Gerhard Chr. Brekke frå Kvamsøy kjøpe eit utmarksstykke på austsida av Storholmen, nokre steinkast frå søre Kvamsøy. Folk her ikring skjøna lite av kva han meinte med å setje seg ned på ein naken holme der ingen tidlegare hadde vore busett. Men Gerhard hadde nok sine meiningar med det og rekna vel med at sjøen den tida var riksveg nummer ein.

Han gjekk straks i gang med å byggje eit sjøpakkhus i tre høgder. Der var det forutan salteplan til fisk og sild, butikk, bakeri, og rom til eige husvære dei første æra. Dessutan innreidde han fleire rom i andre og tredje høgda til fiskarar som låg til fiskje vinterstid. Dei fekk også på særs rimelege vilkår plan til å salte torsken.

2020

Det er 57 år siden det var fastboende på Storholmen. Husene har blitt renovert og mye arbeid har blitt nedlagt. Husene har blitt leid ut til turister og ferierende i mange år. I juli 2020 kjøper Pascal Bolwijn og Jeanette Hansen den gamle handelsstanden på Storholmen. Og de planlegger å flytte ditt permanent innen et par måneder. De fortsetter å leie ut feriehusene til turister. Og har store planer om å gi denne fantastiske perlen nytt liv. Historien fortsetter.....

Adresse

Storholmen AS

N-6087  KVAMSØY

NORWAY

Kontakt oss

© 2023 by Storholmen as Proudly created with Wix.com